Tonstad Bakeri er som tidlegare nemnt, medlem av det lokale SAet Sirdalsmat. I den anledninga er me med på ulike arrangement der me frontar dei ulike produktene våre, i lag med dei andre lokale råvareprodusentane! Denne helga går turen til Sirdalsdagane, som vert arrangert på Kvæven i Sirdal. Du vil finne oss på Sirdalsmat sin stand, der vil me selgje skulebollar, krembollar med vaniljekrem, jødekaker og noko anna.
Du finn oss på stand fredag frå kl.16.00 og lørdag frå kl.11.00